Sola skein og gauken gol under friluftsgudstenesta ved Kidnavatnet 2. pinsedag.

Friluftsgudsteneste på fjellet 2. pinsedag er ein god tradisjon som Stord-Fitjar Turlag og Fitjar kyrkje har samarbeidd om i ein del år. Trass i motstridande opplysningar fann godt over hundre soknebarn vegen til fjells. Og dei som ikkje såg seg syn med å gå til fots heilt opp til Kidnavatnet, fekk skyss med kyrkjeverje Harald Rydland og bilar som kom i kortesjen bak han. Som vanleg var alle generasjonar godt representerte, med soknebarn frå under eitt år til langt opp i 80-åra.

Gudstenesta vart leia av kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu, som fekk hjelp med salmesongen av Harald Rydland på trekkspel. Leiar i Fitjar kyrkjelege fellesråd, Rasmus Fitjar, rigde i kyrkjeklokka. Han nytta høvet til å takka Per og Lilli-Ann Drønen for gåva dei har gitt kyrkjelyden. Ei flott skipsklokke som er meint for slike høve, gudstenester i det fri. Birgitte Drønen Brenne las teksten for dagen, og Ole Sandvik leia kyrkjelyden i bøn. Gudstenesta blei avslutta med «Herre Gud, ditt dyre navn og ære».

Etter gudstenesta smakte det godt med kyrkjekaffi og litt heimebakst før turen gjekk heimover eller vidare til fjells. Turleiar Astrid Larsen tok med seg ein flokk over Beinatjønnsvarden, medan enkelte andre tok sikte på Tindaslottet og reinrosa som er i ferd med å avblomstra.