Det var ein innhaldsrik søndag i Breiavikjo, med Søndagsskulens dag, gudsteneste og korpskonsert.

 

Preika for dagen var om Jesus som stilla stormen. Under preika fekk prest Olav Oma kyrkjelyden til å laga vindlydar og leika at dei rodde båten Jesus stod i då han fekk stormen til å løya. Hadde vindstyrken i Breiavikjo vore nokre sekundmeter høgare, hadde det kanskje blitt sjøsprøyt frå Storavatnet, slik at preika blei endå meir levande for tilhøyrarane.

Gudstenesta søndag var litt annleis enn ei vanleg gudsteneste. I tillegg til å vera ute i det fri, deltok altså søndagsskulane og Fitjar Skulekorps. Skulekorpset tok dette som ei avrunding av øvingshelga si, etter å ha overnatta frå laurdag. Dette var andre gong dei var korps på friluftstur i år. Dei bidrog også med ein liten konsert etter gudstenesta for å minna oss på kor flinke dei er.

 

 

Ordførar Wenche Tislevoll fekk endeleg gjort stas på NM-vinnarane i korpset, ved dirigent Svein Roger Koppang og styreleiar Arnhild Raunholm. I tillegg til blomar, lova ho å koma innom neste øving for å dela ut tursjokoladar, i høve overnattingstur og frilftsåret 2015. Foto: Arne Vestbøstad

 

Etter gudstenesta delte ordførar Wenche Tislevoll ut blomar til skulekorpset for den strålande innsatsen før sommarferien, då dei vann 2. divisjon i Stavanger. Så var det tid for grilling og aktivitetar i høve Søndagsskulens dag. Ungane kunne gå tursti med postar, hinderløype, padla, balansera på line og grilla.

 

-Kor tung er denne steinen? lurer Elisabet Rydland Sæbø, Maren Rydland og Hanna Lovise Vestbøstad på. Foto: Arne Vestbøstad

 

 

Det var kjekt at desse tre miljøa samla seg rundt eit felles arrangement.

 

Johannes Moldestad Oma (til venstre) og Asbjørn Raunholm får hjelp av Lars Vestbøstad til å koma seg trygt ut på Storavatnet. Foto: Arne Vestbøstad

 

Tor Håkon Aarbø i full gang med å pakka etter ei kjekk natt i lavvo, saman med sine medmusikantar i korpset. Foto: Arne Vestbøstad

 

 

Ingressbilete: Søndagsskuleungane var forsongarar på «Min båt er så liten».