Fitjar Skulekorps er som einaste korpset på Stord så heldige å få vera med på eit prosjekt som heiter «Korps på friluftstur» heter det i ei pressemelding Fitjar Skulekorps sendte ut fredag.

 

Vidare står det:

Prosjektet er sett i gong av Norges Musikkorps Forbund avd Hordaland og blir støtta av Gjensidigestiftelsen.

Det går ut på at korpset skal arrangera tre ulike turar i nærmiljøet. Korpset skal spela to avdelingar på kvar av turane og skal lokka folk ut i friluft. Etter gjennomført prosjekt får korpset kr 60000,- til seminar eller instrumentkjøp.

Fitjar Skulekorps skal arrangera første tur torsdag 28.mai. Då startar turen klokka 1730 i parken i sentrum på Fitjar. Me møtes ved Håkon den gode og får der informasjon av lokalhistorikar Magnar Kloster. Korpset vil spela ved oppstarten.

Deretter tar Magnar Kloster med seg publikum til Kongsbrønnen og fortel litt meir om historia der.

Turen endar på Rimsvarden. Der vert det informasjon og korpsmusikk. I tillegg vert det lett servering.

Arrangementet er gratis og er ferdig ca klokka 1900.

Me har på denne turen lagt vekt på å gi bygdafolket lokalkunnskap. Sjølv om Rimsvarden ligg nær sentrum, er det mange som aldri har vore der. Me bur i ei viktig historisk bygd og det er viktig at historia vert kjent for alle.

Me veit at folk i Fitjar er glad i å gå på tur, så me håpar mange vil stilla opp.

Ein søndag i august vil me arrangera ein aktivitetsdag for alle i Breiavikjo, og i september vert det konsert ved Osternes Festning. Desse turane kjem det meir informasjon om seinare.

 

Me håpar bygdafolket vårt er interessert i dette og folk utanfor bygda er sjølvsagt ekstra velkomne.

ciclo steroidi