Over 30 ungdommar var med og trente friidrett forrige vinter. No tek treningane til igjen, og friidrettsgruppa ynskjer både nye og «gamle» friidrettsutøvarar velkomne.

Marianne H. Aarbø i friidrettsgruppa melder om at dei ynskjer gamle og nye friidrettsutøvarar velkomne til trening kvar tysdag kl 18.00-19.30 på Idrettsbanen på Fitjar.  Dei håper det stiller så mange på trening at gruppa kan stille stafett-lag under Stordleikane 21-23. august.  Dei som skal delta på leikane bør kome på trening 11. og 18. august slik at dei er godt førebudde på øvingane som ventar.  Det er mogleg å melde seg på 60m, 40m, liten ball, lengde, høgde, stafett, osv.

Over 30 ungdommar var med og trente friidrett gjennom vinteren i Kultur- og idrettsbygget. No håpar friidrettsgruppa at dette skal gje resultat med hensyn til deltaking under Stordleikane.  Når dei tenkjer resultat er dei meir opptekne av kor mange som stille enn kva tider, lengder og høgder utøvarane oppnår.  Friidrettsgruppa i Fitjar er under utvikling og treng erfaring frå deltaking på stevne.  Mange får smaken på friidrett ved å delta på slike stemne, og Marianne H. Aarbø, Tom Rydland, Bård Inge Bø og Rolf Vik i friidrettsgruppa håper difor så mange som mogleg blir med denne gongen.