Uttøying ved Olstjødno torsdag ettermiddag, litt liten avstand, men det er vel trygt når det berre er to hushald innblanda. Foto: Kjetil Rydland.

Dei lettbeinte, unge løparane i Fitjar Idrettslag måtte sjå idrettsanlegga våre bli stengde for ein månad sidan, men har funne alternative banar, og har halde treninga ved like.

For friidrettsfolk – i alle høve for løparar – er det litt enklare å halda treningsarbeidet i gang enn for fotballspelarar, og dei ivrigaste har funne alternative arenaer. Det har blitt trening kvar dag, opp til Landahytta, i Færøysundsbrekko og i Rossneset. Og ikkje minst i den nye løpa på rundt ein kilometer rundt Olstjødno.

Etter at idrettanlegga blei opna for trening, har dei vore på løpebanen i idrettsparken. Men her har dei slite litt med å overhalda den nye regelen på 20 meters avstand, vedgår friidrettstrenar Bård Inge Bø.

Unge Tori Torbjørnsen er blant dei ivrigaste løparane våre. Foto: Kjetil Rydland.

Trenaren fortel at han – til liks med ungdommane – fort blei glad i løypa rundt Olstjødno. Og han reknar med å bruka den mykje framover. Der er det lettare å halda nødvendig avstand. Torsdag kveld møtte me ein heil gjeng i fullt firsprang der oppe.

Inspirert av OL-meister på 800 meter i 1996, Vebjørn Rodal, har dei fått til mykje variert trening i det siste, med sprint, spenst, langturar opp mot 10 km og meir intensive intervall. Sjølv om ikkje alle er like ivrige, har friidrettstrenaren ei stamme på løparar som gir alt på trening.

– No vert det berre å trene mengde nokre månader lenger, fortel Bård Inge Bø, som for lengst har innsett at det kan ta lang tid før det blir ordinære konkurransar for utøvarane hans igjen.

Planen var å sleppa opp på treninga i mai, men det blir utsett. No satsar dei på å skapa seg eit endå betre grunnlag, til ein eventuell sesongstart i september.

I slutten på neste veke blir det testløp på 600 meter, fortel Bård Inge Bø, som fortel at han truleg går inn i sin siste sesong som «hare». Men neppe som trenar.

Bård Inge Bø vonar å fungera som hare eit par år til. Foto: Kjetil Rydland.