Onsdag kveld skipa friidrettsgruppa i Fitjar idrettslag til avslutning for dei unge utøvarane sine, med pizza og premieutdeling. Bård Inge Bø og Rolf Vik sytte for at utøvarane blei mette, både på mat og drikke, og heiderleg omtale i form av velfortente premiar. Frå Bård inge har me fått tilsendt ein del imponerande resultata frå sesongen som no ebbar ut.

– Det vi gjorde i dag var å premiere dei tre beste PERSONANE i dei tre hovudgreinene hopp, løp og kast, fortel Bård Inge Bø. Gutar og jenter kvar for seg, og resultata vert rekna ut til poeng etter Tyrving-tabellen. Slik kan ein 15-årig gut konkurrera med ei 10-årig jente utan at det vert urettferdig. 1000 poeng er nasjonal toppklasse for sitt alderstrinn, og alt over t.d. 700 poeng er svært habilt.
 
I går kveld premierte dei også dei flittigast frammøtte på stemna sesongen igjennom.

Jenter

Hopp
1.Tone Brakedal 8,78m i tresteg                    998p
1.Tone Brakedal 1,32m i høgde med tilløp       985p
1.Tone Brakedal 1,00 i høgde utan tilløp         905p
1.Tone Brakedal 4,05m i lengde med tilløp       937p
1.Tone Brakedal 2,06m i lengde utan tilløp       904p
2. Marte Rimmereid 6,55 i tresteg                   855p
3. Guro Rimmereid 7,82m i tresteg                  832p

Løp
1. Tone Brakedal 60m på 8,8                         936p
1. Tone Brakedal 40m på 6,4                          930p
2. Thea Vestbøstad 40m på 6,8                     790p
3. Sandra Pedersen 60m på 9,4                      716p
Kast
1. Marte Rimmereid 5,70m i kule(2kg)             967p
2. Oda Rydland 7,59m i kule(2kg)                   964p
3. Tone Brakedal 6,58m i kule(2kg)                933p

Gutar

Hopp
1. Ole Rimmereid 0,80m i HUT                       830p
2. Ådne K Vik 1,20m i HMT                           790p
2. Torstein Raunholm Kjelling0,95m i HMT       790p

Kast
1. Torstein Kjelling 5,34m i kule (2kg)           905p
2. Ole Rimmereid 4,74 i kule (2kg)                885p
3. Markus K Vik 4,61m i kule (2kg)                883p

Løp
1. Andreas Vik 10,1 på 60m                        595p
2. Ådne K Vik 9,7 på 60m                           595p
3. Torstein R Kjelling 11,0 på 60m                460p