Bård Inge Bø i Fitjar Idrettslag melder at friidrettsfolket er i gang att etter ferien.

Friidrettstreninga på banen i Fitjar Idrettspark starta opp att i går, og treningstidene utover hausten blir slik:

Tysdag kl. 17.00: Friidrettstrening i idrettsparken. For alle frå og med 9 år (fødde i 2002 eller før).

Onsdag kl. 19.30: Intervalltrening i idrettsparken for alle aldrar.

Fredag kl. 18.00:  Friidrettstrening i idrettsparken for dei som er fødde i 1999 eller før. Fokus på løp.

Idrettslaget oppmodar alle som vil bli spreke om å møta opp.