Friidrettsfolket i Fitjar har hatt samling med premieutdeling i klubbhuset, og Bård Inge Bø kan fortelja om mange gode prestasjonar denne sesongen.

Frå Bård Inge Bø har me fått ei liste med ei rekkje gode resultat som unge Fitjar-utøvarar har klart. På denne lista finn me dei beste resultata som er oppnådde på APPROBERTE stemne siste året. – Ein kan altså ikkje berre slenge inn eit resultat oppnådd kvar som helst når som helst, seier Bård Inge Bø.

Her har me teke med alle resultata som gir over 750 poeng etter Tyrvingtabellen, men du kan gå inn på nettsida Fitjarfriidrett og finna mange fleire gode resultat.

Tone S. Brakedal (13) 60 m 8,33 sek. – 1018p – Haugesund 26. mai 2012
Tone S. Brakedal (13) tresteg 10,38 m – 1018p – Osterøy 9. september 2012
Tone S. Brakedal (13) 60 m hekk 10,11 sek. – 998p – Osterøy 8. september 2012
Tone S. Brakedal (13) lengde utan tilløp 2,35 m – 970p – Fitjar 14. februar 2012
Tone S. Brakedal (13) lengde 4,80 m – 958p – Osterøy 8. september 2012
Tone S. Brakedal (13) høgde 1,45 m – 947p – Fana 25. august 2012
Tone S. Brakedal (13) høgde utan tilløp 1,20 m – 943p – Fitjar 10. april 2012
Tone S. Brakedal (14) 100 m 13,62 sek. – 916p (964p for 13 år) – Fana 24. august 2012
Oda Rydland (13) kule 9,07 m – 872p – Fitjar 11. september 2012
Tor Håkon Aarbø (10) høgde 1,04 m – 853p – Fitjar 11. september 2012
Ådne Kongestøl Vik (14) høgde 1,50 m – 846p – Fana 25. august 2012
Tone S. Brakedal (13) kule (2kg) 8,80 m – 846p – Fitjar 11. september 2012
Mari Hatlevik (10) 40 m 6,9 sek. – 825p  – Fitjar 10. april 2012
Thea Vestbøstad (13) tresteg 8,39 m – 819p – Fitjar 11. september 2012
Nikolai Agdestein (14) høgde 1,45 m – 811 Fitjar 18. november 2011
Mari Hatlevik (10) lengde 3,07 m – 783p – Stord 29. desember 2011
Oda Rydland (13) tresteg 8,02 m 782p – Fitjar 11. september 2012
Rebekka Tverborgvik (10) lengde 3,05 m – 779p – Stord 29. desember 2011
Zandra Van Bree (11) kule (2kg) 6,05 m – 775p – Fitjar 15. mai 2012
Frode Malkenes (15) lengde utan tilløp 2,42 m – 770p – Fitjar 14. februar 2012
Bård Andersen (14) høgde utan tilløp 1,10 m – 770p – Fitjar 10. april 2012
Marius Torbjørnsen (9*) lengde 2,97 m /2,58 m – 829/764 – Stord 29. desember 2012 / Haugesund 26. mai 2012
Ole Rimmereid Rørvik (12) høgde utan tilløp 0,92 m – 762p – Fitjar 11. september 2012
Vilde Vestbøstad (11) 40 m 6,9 sek. – 755p – Fitjar 10. april 2012