Frå torsdag morgon, Kristi Himmelfartsdag, er Bømlafjordtunnelen open heile døgnet fram til måndag 18. mai. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Vi arbeidar onsdag kveld, men startar ikkje før klokka 22:00. Mange reiser truleg etter arbeidstid og då kan det bli mykje trafikk på vegane, opplyser prosjektleiar Rune Sandven.

Når arbeidarane avsluttar arbeidet torsdag morgon klokka 06:00 er tunnelen heilt open til måndag 18. mai klokka 20:00.

Sprenger ikkje om dagen
Statens vegvesen meldte tidlegare at vi skulle sprenge utanfor Bømlafjordtunnelen på dagtid. Då ville tunnelen bli stengt inntil ein halvtime om gongen. Nå viser det seg at entreprenøren klarer å gjere dette arbeidet på kvelds- og nattestid, når det samtidig pågår arbeid i tunnelen. Det blir difor ikkje behov for å sprenge, eller stenge vegen, på dagtid.