No blir det fres i harvinga i bygda, når Fitjar Meieri har kjøpt ny harv.

Fitjar Meieri har kjøpt Kverneland NG-M 251 horisontal rotorharv. Som namnet seier, roterer tindane i horisontalplanet, og på den måten grev dei ikkje opp noko særleg stein, men heller gøymer steinen i jorda. Bak fresen er det ein piggvalse som slettar etter fresinga.

Ekstra gunstig for behandlinga av jorda er at det er påmontert ein grasfrøsåmaskin av heller enkelt slag, Tume Greeenmaster 2500.  Dermed kan ein fresa opp åkeren og så grasfrø i same operasjon. På den måten sparer dei ei kjøring på åkeren, noko som gir mindre arbeid, redusert dieselforbruk og mindre jordpakking. Vidare blir steinplukkinga redusert til eit minimum.

Når den gamle enga er brakka med glyfosat om hausten, kan ein ofte etter å ha kjørt på møk og skjelsand gå rett på med denne maskinen. Det er meininga at Nils K. Rydland skal vera tilgjengeleg for Fitjar-bønder som har lyst til å få bøane sine harva på denne måten. No ser han fram til å gå laus på bakkane med den nye maskinen, og me såg den i full sving i går kveld. Etter det me kunne sjå, fungerte det fint, og me kunne ikkje unngå leggja merke til kor lite stein som blei grave fram av denne innretninga. Me som har vore med og plukka stein med nevane, forstår at bøndene ser seg mon i å bli sparte for det arbeidet.