Søndag ettermiddag vart Terje Koløen innsett som frelsessoldat under søndagsmøtet på Frelsesarmeen på Stord. Det er heile 54 år sidan sist ein fitjarbu avla frelsesarmeens soldatløfte.

Det var ein stor dag for Terje i dag. 46-åringen frå Fitjar har vore rekrutt i Frelsearmeen heile våren, og gledde seg over å kunna invitera slekt og vener til soldat-innviinga på Frelsesarmeen i kveld. Sjølv bidrog han med vitnesbyrd og song. Det var kaptein Tove Sæhle, leiar for Frelsesarmeen på Stord, som leia møtet og innsettingsseremonien, og som heldt dagens tale der ho la vekt på at ein må ta vare på hjarta sitt framfor alt ein tek vare på.

Medan Terje var rekrutt har han vorte kursa av korpsleiaren, og var i dag klar til å signera frelsessoldatens pakt og å avleggja soldatløftet.

Dette er ein gledens dag, vart det sagt frå talarstolen fleire gongar denne dagen. Det er over to år sidan sist det var soldatinnsetting på Stord, og då det i tillegg var fullt hus på armeen i kveld, er det forståeleg at dei kjende at dette var ei rik stund.

Terje fortel at han ikkje skal gå ut av kyrkja sjølv om han no og skal virka for frelsesarmeen. Frelsessoldatane gjer teneste i armeen på fritida si, og brukar uniforma som eit vitnesbyrd om trua og kvar ein høyrer til. Den ferske soldaten skal ha Fitjar som sitt virkeområde. Her skal han leia ei mannsgruppe som allereie er i drift, og han skal hjelpa til med diakonalt arbeid. I tillegg skal han og delta i drifta av ungdomsklubben Nesten, som held til i Frelsesarmeen sine lokale på Stord.

Innviing av ein frelsessoldat frå Fitjar er langt frå daglegdags, og korpsleiaren på Stord må bla bakover i protokollen heilt til 1957 for å finna sist gong det skjedde. Den gong var det Sonja Liarbø som avla soldatløftet.

På veg ut etter møtet var det mange som ville gratulera den ferske soldaten med dagen, takka for samværet og ynskja han Guds signing over gjerninga.