I dag kom crossaren til Gisle Aarbø til rette igjen etter å ha vore sakna sidan Gisle og familien kom heim frå ferie i veka som var.

Det var ein betutta Gisle Aarbø som kom heim frå ferie sist torsdag, og oppdaga at crossaren hans var borte. Han meinte den burde stå trygt på nedsida av garasjen på Årbø, når det endå til var folk i husa heile tida. Men det hadde altså ikkje hindra tjuvane frå å ta med seg sykkelen hans, ein Yamaha TTR 125 cc terrengsykkel som Gisle bruker til å kjøra motocross med.

Etter ei lysing på Facebook, om nokon kunne ha sett noko som likna, fekk Gisle ein telefon i dag. Sykkelen var funnen vegkanten i Vik, den var kjørt inn i buskane så han knapt var synleg. Den var mykje godt intakt, bortsett frå at kick-starten var øydelagt, og to kvite sidedeksel var fjerna. Gisle fortel at sykkelen var svært vanskeleg å starta, og det kan henda at tjuvane ikkje hadde fått den til å gå. Kanskje har dei slite den med seg til Vik, før dei gav opp prosjektet, og slengte sykkelen frå seg.

No går Gisle i gang med å undersøkja om sykkelen har fått fleire skader, før han fiksar den opp sel han. Dersom han får tilbake bakskjermen og dei to kvite sidedeksla, vil ikkje Gisle melda forholdet til politiet.