Ein av deltakarane i turgjengen kvar fredag har sendt bilete og ein liten rapport til Fitjarposten.

Det vert fortalt at turåret vart avslutta i går med grilling, gløgg og mandarinar ved Tveitafossen. Juleevangeliet vart resitert. 14 personar var med denne dagen, og fleire er velkomne til fredagstur i det nye året. Ver og føre er inga hindring, seiest det. Start frå parkeringsplassen ved Kulturhuset kl 10.00.