Fredag 23. november er det MOT til å glede-dagen, og skulesjef John Karsten Raunholm oppmodar oss alle om å bnytta høvet til å glede andre.

Kvart år vert MOT til å glede dagen arrangert. Denne dagen har alle eit felles mål – å gleda så mange som mogleg, mest mogleg og med små middel! MOT oppmodar ungdom og vaksne over heile landet til å spreia glede!

Det viktigaste stikkordet for ”MOT til å glede-dagen” er: TENK ENKELT! Gled dei du har rundt deg, gode vener, naboen, bestemor på aldersheimen, farfar som sit åleine, klassekameratar, kollegaer eller barna i barnehagen.

Gje ei hjelpande hand, gå eit ærend for nokon eller lag ein frukost/middag med levande lys for heile familien. Ha litt ekstra fokus på å seia hei, gje eit smil, eit nikk og kanskje til og med ein klem til nokon som treng det.

MOT ynskjer å bidra til å skapa varmare og tryggare miljø. Det kan kosta litt MOT å gjera noko ekstra for å spreia litt glede, men glede smittar og verdien til saman blir veldig stor!

– Gled nokon du også, og ver med på å gjera dagen til årets varmaste dag! oppmodar skulesjefen.

Kort informasjon om MOT og MOT til å glede-dagen:

  • MOT til å glede-dagen har blitt arrangert sidan 2004
  • MOT styrkjer ungdoms robustheit og mot gjennom livsmeistringsprogram i skulen.
  • Det viktigaste innsatsområdet er MOTs program i ungdomsskulen og vidaregåandeskule. MOT har partnaravtalar med over 250 skular.
  • MOTs dokumenterte resultat er mindre hyppig mobbing, færre ungdom utan ein einaste ven, mindre psykiske vanskar og mindre hyppig rusmisbruk.

Skulesjefen minner om at Mot Fitjar har si eiga side på Facebook.

- Annonse -