Hoggormen er freda! Foto: Kjetil Rydland.

Solhungrige fitjarbuar gler seg over det eineståande vårvêret, og det same gjer hoggormen.

Til liks med oss menneske har han lengta i månadsvis etter sol og varme, men han er ingen elska «turkamerat». Me må likevel minna om at hoggormen er freda; du har ikkje lov å drepa han.

Me plar ta med denne påminninga kvart år, men det ser altså ikkje ut til at alle har fått det med seg. I alle høve om me skal dømma etter dei «nedsetjande» kommentarane på ormen me la ut bilete av på Facebook i går.

Me har nemnt det før, og gjer det igjen: Hoggormen er freda! Roald Raunholm ved politiet på Stord minner om at å drepa hoggorm er miljøkriminalitet, som kan straffast med bot.

Me oppmodar igjen turgåarar og andre om å la hoggormen vera i fred. 

Om du er veldig redd hoggorm, foreslår me at du les denne artikkelen på Illustrert Vitenskap: Så farlig er huggormen.

Denne fine ormen kraup over vegen ved Midtvatnet i går, og gjekk ikkje til angrep på nokon. Foto: Kjetil Rydland.