Fred var temaet til Nobukazu Imazu under nyårsgudstenesta. Foto: Kjetil Rydland.

Ei lita forsamling sokneborn høyrde Nobukazu Imazu tala over temaet fred i Fitjar kyrkje nyårsaftan.

Kyrkjelydsprest Nobukazu Omazu leia ei av dei siste gudstenestene sine i Fitjar kyrkje nyårsaftan.

Han heldt ein personleg tale over temaet fred, til ettertanke for forsamlinga.

Nobu minte forsamlinga på ufreden i verda, og at me er kalte til å fremja Guds rettferd.

Med talen sin gav Nobu tilhøyrarane verdfulle tankar å ta med seg ut i den urolege verda i det nye året.

Tente lys på kyrkjegarden i ruskeveret nyårsaftan. Foto: Kjetil Rydland.