Etter å ha fått unna førefallande arbeid første delen av ferien, gledde Martin Hatlevik seg til å bruka båten resten av ferien. Men då var båten borte.

-Eg veit at han låg på plass i båthamna ved Engevik & Tislevoll onsdag 25 juli. Men då eg var nedom jobben tysdag 31. juli, og gjekk for å sjå til båten, var han borte, sier ein svært frustret Martin Hatlevik til Fitjarposten.no.

Den stolne båten er ein Uttern S 52 eksklusiv, 2005 modell med blått skrog, og med ein 60 hk svart Mercuri påhengs. (Sjå biletet)

Båten var elles forsvarleg sikra mot tjuveri. Martin hadde hovudbrytaren heime, og båten er vidare tjuverimerka og registrert i småbåtregisteret.

-Så dei eller den som har stolebåten må anten ha klart å tjuvkopla, eller slept båten vekk, seier Martin Hatlevik som er svært interessert i å få opplysningar frå folk som kan ha sett eller høyrt noko, som kan vera han til hjelp for å vite kvar båten har tatt vegen. Me snakkar då om tidsrommet frå onsdag kveld til tysdag føremiddag.

Ring i tilfelle Martin på: 977 55 820