I kveld var det flott song på Fitjar Bedehus då tidlegare elever ved skulen i Norheimsund song Framnessongen.

Det har blitt tradisjon med ”Framneskveld” på Fitjar Bedehus. For tiande gongen vart basaren avvikla. Og mange av dei tidlegare elevane møtte fram. Inntekta av loddsalet går som støtte til Framnes Kristne vidaregåande skule som skulen heiter i dag.

I år er det 260 elevar ved skulen frå alle fylka i Noreg, så nær som eit. 12 av desse besøkte basaren saman med skuleprest Arne Opsal Engen.

Dei fortalde frå skulen og innsamlingsprosjektet dei har for Bangladesh. Russen har eit nytt innsamlingsprosjekt kvart år. Håpet er å samle inn like mykje pengar til hjelp for fattige som dei har klart siste åra. Då har summen vore mellom kr. 700 000 og 1 mill..

Basaren på Bedehuset i kveld gav om lag kr. 23 000 som støtte til skulen. Dette er same summen som sist basar.

steroiden