Ingve André Strand blei nummer 2 i NM-runden i crosskart i helga, og har dermed sjansen til å vinna NM i crosskart samanlagt.

Ingve gjorde ein svært solid innsats under NM-runden i Solør laurdag 11. august. Etter første-, andre- og førsteplass i dei innleiande rundane hadde han absolutt sjansen til å vinna A-finalen. Men han måtte nøya seg med andreplassen, bak heimefavoritten Simen Vardeberg. På tredjeplass følgde ein annan gammal kjenning, svenske Per Bjørnson frå Årjängs MK.

Dermed ligg Ingve på tredjeplass samanlagt før siste NM-runden, ni poeng bak Harald Engerud, som leier, og åtte poeng bak Simen Vardeberg på andreplass. Siste runden går av stabelen i Trondheim laurdag 1. september, og Ingve er ikkje heilt utan sjansar til å vinna samanlagt når han reiser oppover.

– Alt er mogeleg no, det har vist seg før at det skjer ting i siste NM-runde, seier Ingve til Fitjarposten.