Sjølv om det meste av snøen har regna vekk nede i bygda, kan Fitjarposten slå fast at det er godt skiføre i fjellet, etter ein fin skitur i ettermiddag.

Etter ei veke med mykje regn og søle, skulle ein kanskje ikkje tru at det er mykje snø igjen. Men i fjellet er det meir enn nok snø til å gå på ski. Då me sjekka forholda frå Sæterbø til Sølio i dag, var føret framifrå. Minst 30-40 cm dei fleste stader gav ein behageleg skitur i det relativt fine vêret i ettermiddag.

Dessverre har nok ikkje folk visst om dei fine føreforholda. Me fekk berre følgje av hare og hjort, men dei var til gjengjeld ganske nærgåande. Inn til Sølihammaren var det lett å gå, men på Ytste Sølivatnet blei det tyngre. Det var ein del overvatn som gjorde det tungt å gå vidare, så me fann det best å snu der.

No er det nok berre å setja seg inne og venta på alt regnet som fjerna snøen i helga. Og så får dei som ikkje har vore klar over det fine skiføret, trega på at dei ikkje visste betre.