Sjølv om vèret delvis har snudd er det framleis fantastisk høge badetemperaturar både i vatn, sjø og elvar, og det er ingen grunn til å avslutta badesesongen enno.

Fitjarposten skreiv sist helg om at det var fint i Breiavikjo, med mykje folk og varmt vatn. Då skein sola dagen lang og det var svært god temperatur i lufta. Etter det har vèret skifta, temperaturen har falle noko, det har vore overskya og til tider mykje regn. Men framleis held Storavatnet svært god temperatur.

Fredag ettermiddag var det glissent på parkeringsplassen og på stranda i nordenden av Storavatnet, men badetemperaturen var det ingenting å seia på. Vår uoffisielle måling synte heile 22 grader i vatnet, anten ein målte på 50, 100 eller 150 cm djupne. Med «berre» 18,5 grader i lufta var det «varmare i vann enn på lann» denne dagen.

Friluftsrådet vest målar jamnleg badetemperaturen mellom anna i Breiavikjo. Deira siste måling er frå fredag 25. juli, og oversikta deira syner at dei den dagen målte heile 24 grader i vatnet på den offentlege ferskvatn-stranda Breiavikjo i Fitjar.