På Prestbø sit ein framand fugl og kvitrar i kveld, og Jostein Prestbø lurer på om einkvan i nærleiken saknar fuglen sin.

Fuglen er på storleik med ei skjor, men ser ikkje ut som om han høyrer til blant villfuglane i Fitjar. Det kan nok henda han høyrer heime i ei eller anna stove i bygda. Sjå nøye på biletet som Fitjarposten har fått av Jostein Prestbø, kan det vera din fugl? I så fall får du ta kontakt med Jostein på tlf. 905 42 743.