-Politiet har registrert fleire overdosetilfelle på Haugalandet den siste tida, der det er påvist bruk av det syntetisk framstilte stoffet GHB. Særleg på Karmøy har ein sett ei rekke tilfelle av GHB, men politiet mistenker også at stoffet er i omlaup i Haugesund og omegn, heiter det i ei pressemelding.

Seinast i helga blei ei ung jente lagt i koma ved Haugesund sjukehus grunna ein overdose GHB. Karmøy lensmannskontor etterforskar saka. 

-GHB er ekstremt giftig og det finnes ingen motgift, åtvarar Kim Skogland Pedersen, politiførstebetjent ved Karmøy lensmannskontor. 

Ver på vakt 
Rådet frå politiet er tydeleg: Blir ein tilbode det farlege stoffet, sei nei. 

-Det er ingen eintydig samanheng på kva miljø me har registrert bruk av stoffet. Dette er eit stoff som lett spreier seg på tvers av miljø, også ungdomsmiljø, fortel Pedersen. 

GHB blir ofte brukt flytande og førekjem gjerne som ei fargelaus, luktfri væske med salt smak. Effekten av stoffet er svært uberegnelig. I tillegg til alvorleg forgifting, kan større mengder også gi ein bedøvande effekt. GHB er derfor eit stoff som er kjent for å bli brukt til overgrep og valdtekt. 

-Det er viktig at både foreldre og andre er på vakt. Har ein mistanke om bruk av GHB eller konkrete tips, ta kontakt med politiet, er oppmodinga frå Pedersen. 

 

steroide muskelaufbau