Visesjangeren, blanda med pop og rock, prega musikken under Fitjar Festivalen i går. Og folk me snakka med blant publikum,  likte menyen.

Ole Andre Westerheim innleia det heile då han med ein enkel kassegitar framførte ei heil viseavdeling, og lot det bli med det. Eit par av nummera i vakker duett med Cathrine Kristiansen.

Matti Røssland, opprinneleg frå Husnes, fortsette med vekjente balladar i vise/visepop-stil – og jammen bestod ikkje store delar av begensgruppa «Saft» sitt repertoar òg av viser. Sjølvsagt blanda med god gammel rock.

Tidlegare på dagen hadde det vore rundt 1000 menneske på Sjøsio, til stor glede for dei seljande i bodgata og for folk flest. Verkeleg god sommarleg festivalstemning var det trass i regnbygene.

Utover kvelden letta vêret, og sola våga seg til og med fram ei lita stund. Men den store folkemengda kom likevel ikkje tilbake. Så når Matti Røssland entra scena kl 19.30 var det heller tynt i benkeradane.

Matti gjorde likevel ein god konsert. Den fleste slagarane han er kjend for var med, og me kan ikkje skjøna anna enn at fans-en fekk det dei var ute etter. God applaus vanka det, og det var langt fleire på kaien då han slutta enn då han starta konserten sin.

For det seig på med folk etter kvart.

Me vil tru det til slutt var over 300 på kaiområdet. Så då «Saft» trådde til var publikumstalet brukbart, sjølv om me nok vil tru at arrangørane gjerne skulle sett at det var langt fleire.

Karane i Bergensbandet som fekk spelemannsprisen i 1973 som beste gruppe, synte at dei framleis kan sine ting. Og med ein munter vokalist og konferansier, Ove Thue, i spissen vart det ei triveleg stemning på kaien utover kveldstimane.

Branntilhengjarane fekk med seg ein av Brann-songane, gamle slagarar vart vel mottekne – og gruppa sjølv syntest det var kjekt å vera på Fitjar.

Saft har hatt mange musikarar med seg gjennom åra. Internt snakkar dei om Saft1 og Saft 2. Det var Saft 2 som gjesta Fitjar. Med Trygve Thue på gitar og vokal; Ove Thue på vokal; Gunnar Bergstrøm på trommer og Geir Rognø på bass.

Elles syner rapportane me har fått at det var svært godt med folk og god stemning på Fitjartun der «På Hell» spelte  – og på hotellet, etter konsertane på Sjøsio.

I skrivande stund er festivalleiar, Roy Tore Torvund, godt nøgd med festivalen. Det ser  óg ut for at med kjem på pluss økonomisk, smiler han.