Ingvald Grindheim i Grasp. Foto: skjermbilde

Det har vore nokre lange og kostbare år for det Stord-baserte gründerselskapet Grasp. Men no er dei endeleg klar masseproduksjon av nyvinninga som skal hjelpe pasientar med psykiske lidingar.

– Me har sett ein veldig stor interesse i heile verda, fortel dagleg leiar i Grasp, Ingvald Grindheim.

Han sit sjølv på Os, men det er på Stord at jobben med å utvikla nyvinninga i stor grad vert gjort. Jørund Fjøsne, Tor Gjøsæter og Mirjam Steien er blant dei som frå kontoret sitt i Kunnskapshuset har stått for utviklinga av produktet.

Og kva er eigentleg denne plastdingsen som skal hjelpe folk med ulike psykiske problem?

– Om du har eit ubehag er det vanskeleg å hugse i ettertid korleis du har hatt det. Og når du ikkje hugsar er det vanskeleg å motivere seg sjølv, fortel Grindheim.

Ein dagbok utan ord

Men når ein klemmer på den elektroniske ballen som Grasp har utvikla, så er det sensorar som registrerer og lagrar stressnivået til den som klemmer. Dette er informasjon som kan vere nyttig i behandlinga av mange type pasientar, men også til dømes dei som prøvar å slutte å røykje.

– Kvar gong du får lyst på ein røyk kan du klemme på ballen. Då kan du i ettertid sjå tilbake kva tid du klemma mest, om det var etter eit måltid eller når du skulle legge deg. Så kan du sjå at dersom du har klemt mindre etter ei veke, så går det rett veg. Det kan vere motiverande.

– Det er det same med kroniske smerter. Det er vanskeleg å hugse korleis du har hatt det ein dag du har hatt ekstremt vondt. Det kan denne ballen hjelpe med. Det er som ein dagbok utan ord.

Tor Gjøsæter (t.v.), Jørund Fjøsne og Mirjan Steien utviklar produktet på Stord og i Fitjar. Foto: Grasp

Grasp har brukt fleire år på å utvikle stressballen, og vegen har ikkje vore enkel. Sidan oppstarten av selskapet tapt nesten 7,5 millionar kroner.

– Det har vore tunge periodar når du held på så lenge før produktet vert klart. Men me internt har veldig tru på prosjektet, og det er eigentleg berre opp til oss å få dette ut. Det som har vore tyngst er at det ikkje har vore investorar som har hatt tru på det. Det er ikkje lett å fortelje korleis du skal få solgt dette, for det finst ikkje noko liknande.

Frå verkstaden på Fitjar til masseproduksjon

No har selskapet sikra seg finansiering gjennom emisjon og vekstgarantilån, i tillegg til ein crowdfunding-aksjon.

– Me vil no hente inn 3,5 millionar i investerte pengar som vil gå til selskapsbygging.

Fjoråret markerte eit vegskilje for selskapet. Iherdig jobbing med idé- og konseptutvikling har resultert i eit ferdig produkt som dei no held på å pushe ut i verda. Dei har fått godkjenning for at stressballen skal kan nyttast til medisinsk føremål i heile EU.

– I førre sommar hadde me klart ein prototype og den blei laga på verkstaden til Jørund på Fitjar. No er me kome i ein kommersialiseringsfase. Det gjer at me no kan gjennomføre ekte kliniske testar og forske på resultata.

Gjennom eit heileigd produksjonsselskap i Polen har dei fram til no produsert 250 slike ballar. Målet er å selje 1000 av dei i løpet av 2020.

– Selskapet i Polen har ansvar for produksjonen av elektronikk og samanstilling av eininga. No kan me berre trykke på knappen og produsere ganske mange relativt fort.

Foto: Grasp

I samtale med mange land

Det er ikkje få land Grasp prøvar å få fotfeste i.

– Me satsar i England, Sveits, nokre til Tyskland, Austerrike, Italia og Romania, og me har også hatt eit møte med eit firma i USA. Det er veldig forskjellig måte å selje dette inn på, sidan alle har veldig forskjellig type helsevesen. Men målet vårt er at me kan selje direkte til sluttbrukaren.

Grindheim seier han har spesielt tru på at det britiske helsevesenet tennar på idéen.

– Me har etablert kontakt med ein mann i England som me har kjent i mange år. Han held på å starte Grasp Health UK, som kjem til å få til eit prosjekt der borte.

Ikkje minst er dei gang med eit pilotprosjekt i Norge, der 19 pasientar skal testa ut produktet.

– Dette er ekte pasientar, der nokon gjer dette i lag med psykologen sin. Hovudføremålet med det er teste ut at systemet fungerer.

– Kva er ambisjonane for dei neste åra?

– Det er verdsherredøme det, ler Grindheim.

– Me har budsjettert med sal av 2500 einingar til neste år, og så går det berre oppover. Det finst ingen slik einingar på marknaden i dag, og me ligg nok framføre potensielle konkurrentar.

Vil bli fleire på Stord

Han er tydeleg på at målet er å bygge opp om kjernekompetansen på Stord dersom selskapet veks.

– Me har ingen fast tilsette per i dag, for i tunge tider med låg likviditet er det vanskeleg å ha fast tilsette. Alle jobbar no i prosjektbasert frå 10 til 100 prosent. Men me vil nok bli ein del fleire folk som jobbar med dette både på Stord og i Os. Så går me til lokale firma når me treng hjelp til noko.

– Men me kjem nok til å vere ein utvikling- og oppfinnargjeng og har ikkje mål om å byggje eit kjempestort selskap med masse salsfolk.