Styreleiar i ELØ Geir Inge Solberg (t.v.) og bryggemeister Øystein Huus. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Omsetningsfall, svindel og rekordsommar. En Liten Øl AS (ELØ) har verkeleg opplevd både opp- og nedturar i år.

Bergens Tidende og E24 skreiv i helga om korleis ELØ vart svindla for 80.000 kroner når dei skulle kjøpa humle frå eit amerikansk firma. Uvedkommande hadde klart å koma seg inn i e-postsystemet til det utanlandske firmaet og omdirigert e-postane frå bryggjerimeister Øystein Huus.

Forsikringa dekkja diverre ikkje tapet, og hendinga vert minna gjennom bryggeriet sin IPA «Wire Fraud».

Rekordsommar

I dag kan bryggjerimeister Øystein Huus, og styreleiar Geir Inge Solberg koma med litt meir gledelege nyheiter. ELØ har nemleg hatt sin beste juni og juli til no, og køyrde ut 15.000 liter i på dei to månadane. Det er 5000 liter meir enn året før.

– Me hadde nokon tøffe og usikre månadar i mars og april då Korona-pandemien slo inn. Omsetninga fall med over 40 prosent, men heldigvis har sommaren retta opp i dette, seier ein nøgd styreleiar Solberg.

Lokal handel

Heile 25 prosent av ølvolumet er omsett lokalt på Kråko, gjennom ELØ sitt eige utsal og via PS Bryggekafe. Dette viser at Kråko har vore godt besøkt i sommar, blant anna via «Sommar i Kråko».

Les meir: Fulle telt helg etter helg

Om lag 20 prosent av ølvolumet er selt til daglegvarebutikkar i Sunnhordland. Deretter har du 13 prosent til Vinmonopolet(heile landet) og 20 prosent via nasjonale grossistar som leverer i heile landet.

– Heimemarknaden i Sunnhordland er svært viktig for oss, og me set stor pris på alle lojale kundar, seier Solberg.

Populært nytt øl

Marmor Gyllen Pilsner er fortsatt på topp blant øltypane ELØ bryggjar, heile 16% av volumet. Nr. 2 blei Kråko Sommarøl på boks medan Kråkesølv alkoholfri pilsner blei nr. 3 på bestselgarlista.

– Dei nye øltypane på boks med ulik fruktpuré tilsett i brygget blei ogso godt mottatt av kundane, og sto for om lag 25% av volumet i sommar. Ein av dei vart kåra til landets beste sommar-pale-ale av VG og Ølakademiet, noko me sjølvsagt er stolte over, fortel bryggerimester Øystein Huus etter den travleste sommaren i bryggeriets 4 år lange historie.