Strandamøte er eit kjent omgrep i Fitjar, men det heile starta som friluftsmøte ved Kyrkjevatnet.

Kor mange år møtet vart halde ved Kyrkjevatnet før det vart flytta, fekk me ikkje heilt svar på sjølv om me under Strandamøtet i Stranda bedehus i dag, snakka med fleire Strandamøte-veteranar. Både Else Hovland. Johannes Nesse, Henry Tveit, Nils Vestbøstad og Torkel Helgaland veit mykje om Strandamøta, men ikkje eksakt når dei heile starta. Henry Tveit visste at ein eldre mann frå Stranda i 1950 skal ha sagt at han då var på sitt 50. stølamøte. Av det kan ein slutta at desse møta i alle fall går tilbake til 1900. Truleg starta dei før det.

Historia vidare ser elles ut til å vere slik, ut ifrå det dei nemnde Strandamøte-veteranane meiner: I slutten av 1930-åra vart møte flytta frå Kyrkjevatnet til Vistvikestølana. Her fekk dei namnet stølamøta. Seinare (truleg på 50-talet) vart møta, som stadig var friluftsmøte, flytta til  området like sør for Hageberg skule. Då hadde ein høve til å kome under tak. Men møta vart fortsett kalla stølamøte. Det varte heilt til 1965 då ein kunne ta i bruk nytt bedehus på Stranda. Sidan den gongen har møta vorte kalla strandamøte. Heile tida har det vore Indremisjonen som har stått bak møta, og fram til nyleg hadde ein to samlingar med mat i mellom. Dei siste åra har det berre vore eitt møte

Talar på Strandamøtet i dag var sokneprest Olav Oma, som heldt ein inspirerande tale om at me aldri er åleine. – Uansett korleis livet rystar oss er Guds trofasthet til stades. Eg kan svikte, men det gjer ikkje Gud, sa han mellom anna.

Lovsongsbrørne frå sørsida av øya tok del med frisk og sentral evangelisk song, flott akkompagnert av Oddlin Stave Aadland.

esteroides online