Sunnhordland Museum heldt årsmøte laurdag 20. mars med Fitjar kommune som vertskap.

Deltakarane i styre og råd samlast først i Peraløo for å gjere unna årsmøtedelen. Rådmann Atle Tornes ønskte velkommen, og nemnde bl.a. kommunen sitt 150 årsjubileum.

Årsmeldinga for 2009, som vart presentert ved dagleg leiar Jane C. S Jünger, viser at museet aktiv arbeider for å nå måla som står i satsings- og tiltaksplanen for 2009/2010. Kort nemner ein desse arbeidsfelta: Restaurering, formidling, utstillingar, registrering/arkivering, forsking og bygningsvern. Kristian Bringedal frå Kvinnherad vart attvald som leiar i styret saman med dei andre styrelemene. Det var og attval på rådsleiar Bror Eriksen. Kvar av dei ni kommunane i regionen har sin representant i rådet. Museet hadde eit budsjett på 6,5 millionar kroner i 2009.

Innan oktober 2010 skal Sunnhordland Museum samrå seg med styret i Sunnhordland folkemuseum og sogelag og Rådet, og kome med framlegg til endring i vedtektene vedk. ansvarstilhøve.

Ved kvart årsmøte får dei frammøtte omvising i eit lokalt tiltak, og kulturleiar Elise Aarbø inviterte til synfaring på Dåfjorden Slipp, der det er full aktivitet med å restaurere og vedlikehalde veteranbåtar. Steinar Andersen og Geir Røssland orienterte om fleire av arbeidsoppdraga som er på gang.

Årsmøtet vart avslutta med velsmakande gammaldags middag og dessert i Peraløo med underhaldning av Per Drønen.