Musikk er en gave med mye spennende i, song Kristian, og det kunne publikum skriva under på. Sjølv om det var lite julemusikk å høyra på adventskonserten til kulturskulen var det mange andre flotte og spennande musikalske framføringar av alt frå klassisk til  jazz, dansemusikk og rock.

Det var elevar frå Fitjar kulturskule og Fitjar skulekorps, samt ungar frå barnehagane og Toradertuppene som deltok på kulturskulen sin adventskonsert i kultursalen torsdag kveld . Imponerande og sjarmerande, var ein stolt skulesjef Edvin Aase sin umiddelbare kommentar etter konserten.

Aase var langt frå den einaste stolte i salen denne kvelden. Kultursalen var full av stolte slektningar og vener av dei vel 70 små og store som var i sving på scenen i løpet av konserten. Musikalske perler kom som på ei snor, og det var fleire enn songaren Kristian F. Giske som kalla fram rørte tårer i augnekroken på både publikum og kulturskulelærarane.

Dei to aspirantgruppene til skulekorpset sørgde for skikkeleg messingmusikk, og var dei einaste som klarde skapa adventsstemning med si flotte fleirstemte framføring av Bjelleklang.

5-åringane frå Bakken, Årskog, Fitjarstølane og Fjellheim barnehage deltok med dans og marsj akkompagnert av Toradertuppene. Eit flott, friskt og sjarmerande innslag.  Dei trekkspel-spelande damene hadde og ei eiga lita avdeling med to svingande valsar.

Mange flinke songarar, gitaristar, fløytistar, fiolinistar og pianistar serverte flott musikk, både klassiske stykke og populærmusikk. Me fekk høyra pennande samspel på alle instrument, og flotte soloinnslag.

Konserten vart avslutta med fengande rockerytmar i Guns N’Roses sin melodi Sweet child of mine, framførd av Arild F. Waage på el-gitar, Nils Birger Vestbøstad på bass-gitar og Andreas Vik på slagverk. Musikken gav kanskje ikkje adventsstemning, men verkeleg god konsertstemning det skapte både  rocke-gutane som fekk publikum til å klappa med og resten av musikarane og dansarane.

Alle innslaga synte ei god og spennande utvikling i kulturskulen det siste halvåret, og gjev både lærarar, rektor, foreldre og elevar god grunn til å vera stolte.