Sharon Kiswa

Eit møte med eit menneskje kan uante konsekvensar. Alle har ei historie å fortelja, og historiefortelling kan gje ny kunnskap og forståing. Winnie Anyango og Sharon Kiswa frå Kenya kjem til Fitjar bedehus med sin historie på torsdag 28.november.

Dei to damene er oppvaksne i Kibera-slummen i Nairobi i Kenya. Saman med dagleg leiar i NSP-AID, Gunnar Hamnøy er dei for tida på turne og fortel sin historie frå naud og fattigdom, til håp og forventning for framtida.

– Gjennom organisasjonen NSP-AID (North South Partnership), har damene fått moglegheita til utdanning. I tillegg til å studera hjelper dei til med frivillig arbeid blant barnefamiliar som trenger hjelp til mat og skulegang for barna sine, fortel Hamnøy.

Winnie Anyango

NSP-AID bidrar til å bygga og støtta barneheimar og skular i Etiopia og Kenya. Målet er at utdanning skal gje håp, og Winnie Anyango og Sharon Kiswa vil fortelja om korleis NSP-AID hjelpte dei.

Saman med Gunnar Hamnøy, skal dei frå 31. oktober til 9. desember besøka mange stadar i Noreg.

– NSP-AID sine gjevarar stør i dag over 1000 barn med skulegang og mat i to slummar i Nairobi. I tillegg til 53 born ved ein barneheim i Mombasa på kysten av Kenya. I løpet av vinteren håper man også å kunna opna ein barnelandsby for barn som har mista sine foreldre. Når alt er ferdig vil denne barnelandsbyen husa 72 barn, fortel Hamnøy.

Han oppmodar alle til å ta turen til Fitjar bedehus for eit varmt og sterkt møte med Winnie Anyango og Sharon Kiswa

- Annonse -