Den lokale karatemeisteren vår frå Helland, Sukhwinder Koløen, har opplevd den store draumen i haust, over to veker i Japan, der han fekk med seg VM i karate.

Enkelte av oss har følgt litt med på turen til Sukhwinder via Facebook, men her kjem ei kort reiseskildring. Sukhwinder reiste til Tokyo 5. oktober, på ein tur som blei reine «pilegrinmsreisa» for den lokale karatehelten vår.

Dei første fire dagane deltok han på vanlege treningar i Honbu Dojo, som er hovudklubben for heile verda i JKA karate. Han deltok både på morgentreningar og kveldstreningar. Her fekk han møta mange karatelegender. – Dette er folk som eg tidlegare berre har lese om i ungdommen! seier ein oppglødd Sukhwinder til Fijtarposten.

Deretter deltok han i fire dagar på ei haustsamling for instruktørar. Her deltok heile 450 instruktørar frå heile verda! 

Landslaget frå Norge kom til Japan tre dagar før VM. Sukhwinder var så heldig å få trena saman med dei under oppkøyringa før VM. Meisterskapen blei halden i Nippon Budokan Hall. Hallen vart bygd i ca. 1960, berre for kampsportarrangement. VM gjekk over tre dagar, og heile 954 utøvarar frå heile verden var påmeldt.

Heiagjengen frå Norge talde ca. 40 karatefans. Det var god stemning på tribunen. Det var kjekt å være vitne til at Norge tok medalje for første gong i eit senior-VM. Det blei bronse for kvinner, lagkumite (lagkamp). Enorm jubel og glede på tribunen.

I tillegg til dette var det mykje sosialt. Sukhwinder fortel at han blei beden med ut på middagar saman med japanske senseiar (sensei tyder lærar på japansk, og blir brukt om karateinstruktørar). Han blei kjend med folk frå heile verda i «JKA karate family»!

Sukhwinder fortel at det var artig å kjenne på pulsen i Tokyo. Mat og kultur var og ein del av turen. Han meiner nordmenn har mykje å lære når det kjem til disiplin og respekt. – Japanarane er svært høflige, og kø-kulturen er fantastisk! seier Sukhwinder.

Ingressbilete: Sukhwinder i Honbu Dojo, etter trening.