– Bømlo Gospel får æra av å opa temakveldåret 2020, fortel ei spent Eli N. Simonsen.

Torsdag 30.januar vil Bømlo Gospel halda ein konsert med repertoar som har hovudvekt på amerikansk contemporary gospel med musikk av mellom anna Kurt Carr og Kirk Franklin.

– Her vert også musikk frå Løvenes Konge, og publikum får vera med å syngja kjende songar/salmar. Dette vert ein heilakustisk kveld der du kan oppleva Bømlo Gospel med solistar berre akkompagnert av sin dirigent og musikalske leiar, Øystein Lund Olafsen på piano. Han er verkeleg eit fyrverkeri på tangentar, skriv Simonsen på vegne av temakveldgruppa. 

Dei håpar at Fitjarbuen fortset å setja pris på hendingane i Fitjar kyrkje, og ynskjer velkommen til ein svingande kveld i Fitjar Kyrkje.

Hendinga startar 19.30.