Blide og glattbarberte. 2. rekke f.v.: Harry Brandvik Nilsen, Aadne Nesbø, Adrian Torvund, Vegard Hareide, Martin Vestbøstad og Emil Fitjar. 1. rekke f.v.: Truls Fitjar, Alexander Henriksen, Joar Kongestøl, Ørjan Søreide Nordvang, Joachim Huseth Vestbøstad og Ole Martin Spissøy. Ikkje til stades: Tord Brudvik, Ola Vestvik, Jonas Monsrud og Benjamin Koppang. Foto: Ingrid Hovstad

Fitjar Bart satsar enno høgare med årets movember-kampanje, og håpar på første plass på Norgeslista.

For 2 år sidan starta ein vennegjeng ei movembergruppe for moro skuld. Målet var å å få inn pengar til «Movember foundation», og sjå kven av dei som får til ein morosam bart på ein månad. Gruppa voks fort og frå å samla inn 14.500 kroner første året, drog dei inn heile 43.461 kroner i fjor.

I år består Fitjar Bart av 16 gutar, og årets mål er å samla inn 75.000 kroner. Me møtte 13 av gutane 1.november medan dei hadde fellesbarbering. For første gong skulle alle starta med blanke ansikt, og ha same utgangspunktet for å samla seg ein bart på 30 dagar.

Joachim Huseth Vestbøstad angrar nok på at han gjekk for kvit genser. Foto: Ingrid Hovstad

– Eg trur me får me inn over 100.000, uttalar Joachim Huseth Vestbøstad. Dei andre ler litt, og meiner han satsar for høgt. Men i skrivande stund har gutane samla inn over 30.00 kroner, og me er berre 5 dagar ute i november. Dermed verkar ikkje Huseth Vestbøstad sin uttale heilt urealistisk likevel.

– Sjølv om me gjer dette for å ha det gøy saman, er det viktigaste at alle pengane går til ei god sak. Uansett kor mykje me får inn, uttalar Truls Fitjar, til samtykkjande nikk frå dei andre.

Ein konsentrert Truls Fitjar. Foto: Ingrid Hovstad

Movember er ei samanslåing av orda «november» og «moustache», og er ein årleg kampanje for bevisstgjering om menn si helse, med hovudfokus på prostatakreft, testikkelkreft, psykisk helse og sjølvmordsførebyggende arbeid.

Samarbeid med Fitjar Island

I år har Fitjar Bart inngått eit samarbeid med Fitjar Island, noko dei er tykkjer er veldig kjekt.

– Det er veldig kult at me får koma her til Fitjar Island i Kråko og ha denne barbersesjonen, fortel Ørjan Nordvang Søreide.

Emil Fitjar samla inn mest pengar av gjengen og måtte først i aksjon. Vegard Hareide følgjer med. Foto: Ingrid Hovstad
- Annonse -

Dagleg leiar i Fitjar Island Mónica Sánchez, saman med Sveinung Åkra, instruerer gutane i korleis dei nyttar det nye barbersettet dei har fått frå Fitjar Island. Nokre av gutane har aldri, eller sjeldan, nytta barberhøvel og er skeptiske.

– Eg plar å kutta meg om eg nyttar høvel, seier Tord Brudvik.

– Dette går heilt fint, forsikrar Åkra, før gutane gruppevis må i elden.

Nokre småkutt vert det likevel, men gutane tek det heldigvis med eit smil heile gjengen.

Tord Bruvik gjekk for papirdott-trikset. Foto: Ingrid Hovstad

– Naturlegvis!

Dagleg leiar i Fitjar Island Mónica Sánchez fortel at dei aldri var i tvil om kva svaret skulle vera når Fitjar Bart tok kontakt om eit samarbeid.

– Naturlegvis ville me vera med på dette. Me i Fitjar Island har faktisk lenge ynskja og gjera noko for å støtta menn si helse. Movember med sitt viktige arbeid for å få menn til å sjekka seg for kreft, og snakka om psykisk helse er den perfekte kandidat.

Mónica Sánchez kan fortelja at Fitjar Island vil donera 5 kroner for kvar barber- eller skjeggprodukt dei sel i november til Fitjar Bart.

– So her er det berre å kjøpa farsdagsgåver og starta på julehandelen, skyt Ørjan Nordvang Søreide inn.

Ørjan Søreide Nordvang i aksjon. Foto: Ingrid Hovstad

Mónica Sánchez håpar at Fitjar Island kan hjelpa Fitjar Bart med å veksa vidare i åra framover.

– Me ynskjer å hjelpa gutane. Det kan me blant anna gjera med å nytta våre sosiale kanalar til å nå fleire enn gutane kan i sine nettverk, fortel Sánchez.

Les ogso: Produserer 15 000 produkt for hand i året frå eit lite lokal i Kråko

Alle monnar drar

Truls Fitjar fortel at Fitjar Bart har sendt ut søknadar til fleire lokale verksemder om stønad, og at dei håpar på positive svar frå fleire.

– Me har fått 1000 kroner frå Fitjar Kraftlag, og Fitjar kommunen seier at søknaden er komen til ordføraren, fortel Truls Fitjar.

– Synd om dei må leggja ned ein skule for å støtta oss, spøkjer ein av gutane.

Ole Martin Spissøy halvvegs i jobben. Foto: Ingrid Hovstad

 Vidare kan dei fortelja at dei har fått lov til å ha pub-kveld i Bryggekafeen 30.november.

– Her kjem alle til å vera velkomne. Kanskje det vert noko sprell, ein siste innspurt for å samla inn pengar, avsluttar gutane med eit lurt smil.

Fitjarposten ynskjer dei lykke til med pengeinnsamlinga, og hårveksten.