Send inn dine flottaste sommarbilete frå Fitjar og få bilete trykt i Fitjar sommarguide 2013, eller kanskje på eit postkort?

I Fitjar Sommarguide 2013 vil me gjerne ha med dine beste sommar- og feriebilete frå Fitjar – send inn dine blinkskott og bli med i trekninga av gåvekort.

1. premie: Gåvekort kr. 1.500,-

2.-5. premie: Gåvekort kr. 250,-

For andre bilete som blir brukt, deler me ut flaxlodd.

I samarbeid med Fitjar kommune/ Fitjar næringsråd si reiselivsgruppe lyser me samstundes ut ei fotokonkurranse med tema Fitjar som turistmål. Du må få fram Fitjar sin identitet og mangfald, og det må vere sommarbilete.

Ein jury med representant frå Fitjarposten, næringslivet og ein fotograf vil plukka ut dei beste bileta. Premie vert kr. 1500,- til vinnaren, heider og ære – og namn på kortet.

Ved å senda inn bilete gjev du Fitjarposten rett til å bruka desse i komande utgåver av Fitjarposten, Fitjar sommarguide og nettstadene komtilfitjar.no og fitjarposten.no. Du kan sjølvsagt senda inn så mange bilete du vil.

PS: Skriv litt om kor bileta er tekne, kven som er på bileta og kven som er fotograf.

FRIST: måndag 25. mars.

Send sommarbilete til:

Fitjarposten – Liarhaugvegen 8 – 5419 Fitjar

e-post: post@fitjarposten.no

Merk brev/e-post: “Sommarbilete”

Sjå sommarbilet som kom inn i fjor her:

Bilete til sommarguide-fotokonkurransen 2012 (1)

Bilete til sommarguide-fotokonkurransen 2012 (2)

Bilete til sommarguide-fotokonkurransen 2012 (3)

Bilete til sommarguide-fotokonkurransen 2012 (4)

Bilete til sommarguide-fotokonkurransen 2012 (5)

Bilete til sommarguide-fotokonkurransen 2012 (6)

Bilete til sommarguide-fotokonkurransen 2012 (7)

Bilete til sommarguide-fotokonkurransen 2012 (8)

Bilete til sommarguide-fotokonkurransen 2012 (9)

Bilete til sommarguide-fotokonkurransen 2012 (10)

Bilete til sommarguide-fotokonkurransen 2012 (11)

Bilete til sommarguide-fotokonkurransen 2012 (12)