Fitjar sine fotballdamer har vore i Bergen i ettermiddag, og ifølgje rapportane spelte dei ein svært dårleg kamp, som enda med tap 1-3 mot Bergen Nord/Hovding.

Damene var ikkje fornøgde med eigen innsats, og karakteriserer kampen som årsverste. Einaste trøysta er at dette var årets siste kamp; no er det berre å slikka alle sår, og mota seg opp til ein ny sesong. Målscorar i dag var Elin Kvia.

Fitjar stilte med desse spelarane:

Ragnhild Tufteland, Belinda Nesbjørg, Elin Kvia, Anne Helene S. Vestbøstad, Martine Engelsen, Britt Lise O. Volden, Anne Kristin Skår og Torill Solbakken.

Som du ser her, er ikkje resultat og tabell frå puljen til damene våre så lysteleg lesnad som me er vane med:
4. plass 20 poeng bak puljevinnar Frøya 2.