Søndag ettermiddag var fotballgruppa i Fitjar Idrettslag vertskap for 45 unge fotballspelarar frå heile Sunnhordland. Soneamlinga var i regi av Hordaland Fotballkrets, og soneansvarleg for spelarutvikling i Sunnhordland, Erling Grov, fortel at dette er eit tilbod til dei beste og dei nest beste i sine årsklassar.

Spelarane er fødde i 1993 og 1994 og kjem frå Odda, Kvinnherad, Bømlo og klubbane her på øya. Nokre få i kvar klasse er med på Hordaland Fotballkrets sitt kretslag, og reiser til Bergen ein gong i veka på kretslagssamlingar. Desse sonesamlingane er meint som eit tilbod til dei som bankar på døra til kretslaget, men ikkje har nådd heilt opp. Her får dei høve til å visa seg fram, og får instruksjon av røynde trenarar i vårt distrikt.

I trenarkorpset finn me Kjartan Bay, lærar i fotball toppidrett på Stord vgs., Kjetil Lothe, C-trenar og keepertrenar m.v., Geir Odland, C-trenar, og tidlegare storscorar på Stord og C-trenar, Morten Tislevoll. Frå Fitjar IL deltok 3 gutar, Øyvind Fykse Lie, Henrik R. Kjelling og Kjell André Thorland. Berre ei Fitjar-jente var med, Camilla Volden.

Første økta i dag var fullspekka med tekniske øvingar på kunstgraset vårt – deretter var det matpause i klubbhuset – før dagen blei avlsutta med ei speleøkt. Dermed gjekk heile søndagen i det, men det var nok ikkje ungdommane imot. ”Oppmann” for laget, Erling Grov, fortel at dei i vinter satsar på 7-8 litt lengre samlingar, i staden for trening ein gong i veka. På den måten går det totalt mindre tid i reising – mange har lang reisetid – og det blir meir tid til å bli kjent med kvarandre. Dessutan blir det meir tid til instruksjon for den enkelte og til treningskampar.