Fitjar IL fotballgruppa arrangerer fotballskule for klassetrinn 5-10, måndag til onsdag i haustferien.

-Dette er et sosialt og sportsleg tilbod til alle jenter og gutar i denne aldersgruppa. Før har det berre vore arrangert fotballskule for de yngste, men me vonar tilbodet vil falla i smak hos dei litt eldre og. Det vil bli lagt vekt på basisferdigheiter og spel, opplyser Martin Nysæther til fitjarposten.no.

Han fortel vidare at alle utøvarane vil få ein matbit kvar av dagane.

-Me har óg gjort avtale med FK Haugesund om at to av deira spelarar kjem opp ein av dagane under fotballskulen. Det vil då bli høve til autograf-skriving og ein liten spørjerunde av desse spelarane, seier Martin til slutt – håpar på fint fotballvêr og mange ivrige fotballungdommar på fotballskulen.