Styret i Hordaland Fotballkrets har sett opp puljane for neste års 4. og 5. divisjon i fotball.

I sesongen 2015 spelar Fitjar sitt A-lag i 4. divisjon avdeling 2. Her møter dei mange nye lag – berre Trio er igjen av årets motstandarar. Som kjent rykte Bremnes ned til 5. divisjon, og Austevoll rykte opp til 3. divisjon etter å å leia puljen frå første til siste spark på ballen.

Bergens-laga som Fitjar møtte i år, spelar til neste år i den andre puljen. Til gjengjeld får Fitjar eit knippe nye motstandarar frå Bergens-området. Brann 3 blir naturlegvis eit spanande lag å møta. Like eins Gneist, som lenge var med i kampen om opprykk frå den andre puljen i 4. divisjon 2014.

Fitjar-trenar Kjell Træet seier han gler seg spesielt til å møta Solid, som rykte opp frå 5. divisjon i år. Lokaloppgjera mot naboane frå Sagvåg blir naturlegvis blant høgdepunkta i sesongen som kjem. Også Stord 2 kjem opp frå 5. divisjon i år, og her vil me nok møta mange kjensfolk.

Elles kjenner ikkje Kjell så mykje til dei andre laga. Han reknar med at puljane er ganske jamgode. Spelarane hans har det relativt roleg nett no, men dei fleste er i bra trening. Kjell reknar med å mønstra om lag det same mannskapet til neste år. Eit par ungdommar er på veg inn i A-lagsstallen, men elles er det lite nytt å melda frå spelarmarknaden.

Ingressbilete: Mange nye motstandarar for Torbjørn Korsvik og Fitjar sitt A-lag til neste år. Foto: Kjetil Rydland.