Seriekampen i 5. divisjon mellom Fitjar og Tornado Bergen i morgon ettermiddag er avlyst.

Det er ein skuffa A-lagstrenar, Stein Gunnar Halleråker, som fortel dette til Fitjarposten. Bergens-laget har meldt avbod no i kveld, og kampen vil ikkje bli spelt i det heile. Dermed blir det truleg 3 poeng til Fitjar. 

– Det er kjekt med 3 poeng, seier Stein Gunnar Halleråker, – men det hadde vore kjekkare å spela inn poenga.

For dei som får abstinens av denne avlysinga, vil me foreslå damekampen kl. 12.00 mot Åsane. Eller smågutekampen kl. 13.30. Ikkje minst G13-laget kan vera verdt å sjå på. Dei har ikkje tapt i serien hittil i år, og i morgon møter dei eit anna topplag, Trio 1.

Dei imponerande resultata deira kan du lesa her: