Fotballelskar og Fulham-supporter Roald Magne Nilsen har sendt oss lesarbrev etter ei ugløymande helg i London.

Roald er ein av mange fitjarbuar som av og til er over til fotballøya i sørvest for å oppleva stemninga på dei kjende fotballarenaene der borte. I dag har han sendt oss dette lesarbrevet:

«Her er litt info frå ein som har hatt ei fantastisk fotballhelg i London. Laurdag i lag med 60 000 på Emirates for å sjå favorittlaget Fulham måla krefter med Arsenal. Det vart ein underhaldande og nervepirrande kamp. Arsenal leia tidleg 2-0 før det heile snudde, og Hangeland & co. tok føringa 3-2. Arsenal utlikna og det enda uavjort. Ulideleg spanande då Arsenal bomma på straffespark i kampens siste sekund.

Søndag var det ny storkamp lenger vest i byen. Chelsea tok imot Liverpool. Hadde fått billett i lag med bortelagets supporterar (hadde ein ihuga LFC supporter som turkamerat). Må innrømma at det gjer inntrykk og føles på kroppen å stå inne iblant dei raudkledde når alle stemmer i «You’ll never walk alone» av full hals. Det er i slike situasjonar ein merkar at håra reiser seg på armane.

Sjølve kampen var tam i starten, men tok seg kraftig opp etter at Liverpool utlikna Chelsea sin 1-0-ledelse. Når det skjedde, og ved fleire store Liverpool-sjansar etter det, var stemninga ekstrem i bortefansen sitt hjørne. Kraftige betongdragarar levde under beina våre. No enda det det uavgjort også på Stamford Bridge.

Er no på heimeg frå ei minnerik fotballhelg. Ei helg som dette kan anbefalast for alle som liker fotball og stemninga rundt. Oppleving er det også å få med seg køgåing frå kamparenaene til undergrunnsstasjonen, det tar tid å pakka titals tusen inn i vognene – og der står ein tett. Alt dette og mykje meir kan ein oppleva ved å ta flyet to timar sørvestover til ein av dei største opplevelsessentra i Europa. Ynskjer god tur.

Etter ei helg som dette får det våga seg at eg måtte stå over vintercupturneringa for ein gongs skuld.»