Fitjarposten sin utsende har vore på ei ugløymande fotballhelg i London, og ønskjer å dela gode minne med lesarane sine.

Takka vere Norsk Tipping, London-korrespondent Richard Herrmann og ikkje minst Tippekampen, har England og engelsk fotball hatt eit magisk drag på oss nordmenn.

Dei første åra etter at Tippekampen starta, i november 1969, var England mest ein fjern draum for dei fleste av oss.

Men slik er det ikkje lenger. Unge og gamle – med større eller mindre interesse for fotball – reiser i strie straumar over Nordsjøen for å sjå fotball. Det ser ikkje ut til å gjera inntrykk på oss at det er nærmare 50 år sidan England vann VM i fotball, og at engelske lag slit med å hevda seg blant dei beste i Europa.

I helga som var fekk Fitjarposten vera med på ei slik pilegrimsferd til London. Når du kan få flyturen og hotellopphald for vel 2000 kroner, er det løysande for dei fleste.

Pengane begynner ikkje å rulla før du skal kjøpa billett til kamp der borte. Denne gongen hadde me ikkje kjøpt billett på førehand, og steila då me forhøyrde oss om prisen på billettane som var igjen til storkampen Chelsea-Arsenal på Stamford Bridge: 500 pund!

No er naturlegvis prisen løysande for godt undergrodde middelaldrande menn, men me har andre nyttige og kjekke ting å bruka 5000 kroner på. Me nøydde oss med å sjå Chelsea øydeleggja dagen for Arsene Wenger på buben O’Neill like utanfor Soho. Ikkje noko dårleg alternativ til å svi av 5000 kroner på ein fotballkamp.

Me såg oss i staden om etter ei billigare løysing for å sjå levande fotball, og bestemte oss for ein annan London-kamp. Charlton Athletic har spela mange år i toppen av engelsk fotball, men slit no i botnen av the Championship, nest øvste nivået. 26 pund var ein særs overkommeleg pris, og dermed bar det ein halvtime med tog langs Themsen mot Greenwich.

På heimebanen The Valley fekk med god plass saman med 16 000 tilskodarar, og fekk sjå eit klassisk oppgjer mellom topp og botn. Gjestene frå Burnley har ikkje lenger Christian Kalvenes i sine rekkjer, men det såg ikkje ut til å hemma dei mykje. Dei ligg i klår opprykksposisjon, og var eit klart betre enn vertane, som kjempar for å unngå nedrykk.

Uventa støtte og entusiastiske tilrop frå gjestene frå Fitjar var ikkje nok til å bikka kampen rette vegen for Charlton. Alle angrep enda i ingen ting rett utanfor 16-meteren, slik dei ofte gjer for eit lag som kjempar i botnen. I staden kunne Burnley avgjera kampen med scoringar av Ashley Barnes, Sam Vokes og Michael Knightley.

Ikkje namn med den heilt store magiske klangen for trente Fitjar-øyre, men til neste år er nok desse karane i det øvste selskapet i engelsk fotball. Me returnerte til Charing Cross Station litt i tvil om me hadde funne oss ein ny favorittklubb i engelsk fotball.

– Men togturen var no iallfall det kjekkaste av alt! sa Geir Tore Søreide.

Dette var ei shopping-fri helg for godt tilårskomne menn. Me nytta resten av tida til å nyta god mat frå Skottland, Libanon og andre fjerne stader, medan me fekk heile serierunden analysert i det vide og breie på storskjerm. Me kunne ikkje unngå å merka oss at det gamle favorittlaget Manchester United vann, og at Ole Gunnar Solskjær gjekk på eit sviande tap på heimebane mot Liverpool.

Så vidt me veit fekk han ikkje mykje trøyst frå den store Fitjar-delegasjonen som tok turen til Wales denne helga. Rykta vil ha det til at dei er ihuga Liverpool-supporterar.

Til liks med andre fotballelskarar frå Fitjar og andre stader reiser me nok over igjen om ikkje altfor lenge. Men om det blir Charlton Athletic og The Valley neste gong, er ikkje bestemt.