Pokalar og annan heider blei delt ut til stor applaus under forballfesten til Fitjar Idrettslag i helga som var.

Feiringa av dei beste fotballspelarane i Fitjar drukna ikkje heilt under banketten etter vintercupen sist helg.

Fleire markante A-lagsspelarar fekk utdelt sine velfortente utmerkingar av trenar Kjelll Træet, som var godt fornøgd med debutsesongen i 4. divisjon.

Årets toppscorar blei Thomas Vestbøstad Waage med 19 mål, Badi Hurasi fekk statuetten for årets mest framgangsrike spelar, og Helge M. Træet blei utropt til årets spelar.

Desse A-lagsspelarane blei heidra for å ha passert eit rundt tal med kampar: Thomas V. Waage fekk pokal for 200 kampar, Mats Brakedal for 100 kampar og Oddgeir Træet for 250 kampar. Øyvind Fykse Lie er komen opp i 116 A-kampar i løpet av 2014. Det er enno eit stykke att til dei når igjen Trond Henriksen, som tronar suverent på toppen med 633 A-lagskampar for Fitjar.

Alle utmerkingane ovanfor er vel innarbeidde, og vel fortente. Minst like fortent var ein annan pris, som blei utdelt for første gong under årets fotballfest. Damene i fotballgruppa delte ut Heidersprisen til mangeårig keeper på damelaget til Fitjar IL, Margaret Hillestad. Ho fyller 60 år i år, og som den nest eldste deltakaren i årets vintercup utmerkte ho seg med flott keeperspel. Slå den!

Ingressbilete: F.v. Toppscorar Tomas V. Waage, årets mest framgangsrike spelar, Badi Hurasi og årets spelar, Helge M. Træet. Foto: Kjetil Rydland.