Camilla Volden vart utnemnd som årets spelar på Stord jr. dame sin avslutningsfest 3. november.

– Camilla Volden har hatt ei svært god utvikling i Stord. Ho er ein svært anvendeleg spelar. Ho starta som midtstoppar, men har blitt omskolert til midtbanen.

Camilla har gode eigenskapar til å bli endå betre. Ho har treningsvilje, er duellsterk, har god fotballforståing og ikkje minst eit svært godt humør som smittar over på dei andre spelarane på laget, fortel trenaren, Arve Havnerås, til fitjarposten.no.

– Det er ikkje berre jr. laget som fått nytta seg av Camilla sine ferdigheiter. SST (samarbeidslaget Solid, Stord og Trott) sitt 3. divisjonslag har og vore ein fast arena for Camilla, legg Havnerås til.

Me får òg vita at laget har hatt tre treningar i veka, og at Camilla er ein av dei som har flest treningar, trass i lang reise.

– Dette vitnar om god planlegging og gode haldningar, let Arve Havneås til slutt.