Fitjar Idrettslag er representert med ein rekordstor flokk under årets Dana Cup i Hjørring.

I går kryssa den store delegasjonen Skagerrak og kom fram til Blokhus på den nordjyske vestkysten. Her skal 90 unge fotballspelarar, lagleiarar og foreldre bu fram til fredag. Til saman rundt 160 fitjarbuar har lagt ferien til Dana Cup i år, aldri før har så mange fotballfolk frå Fitjar reist så langt for å sjå så mykje fotball.

Heile delegasjonen er installert på Blokhus Feriecenter Nordsøen, ein liten time sør for Hirtshals. Senteret ligg like ved stranda, og mange unge og gamle fitjarbuar nytta søndagskvelden til å plaska i bølgjene. Endeleg fekk solhungrige og frostige fitjarbuar oppleva brukande badetemperatur.

Kampane for Fitjar-laga startar tysdag morgon, og fram til fredag skal me vera med på minimum 18 kampar. Fitjarposten kan ikkje lova å dekkja alle kampane, men om du er interessert i å følgja med, kan du gå inn på heimesida til Dana Cup Hjørring.