På fotballfesten laurdag kveld fekk dei beste laga i vintercupen utdelt pokalane sine, og enkeltspelarar som har merkt seg ut i serien 2010 fekk sine velfortente premiar.

Geir Tore Søreide helsa frå styret i fotballgruppa til festlyden på 138 fotballelskarar. Han framheva spesielt dei unge spelarane, som har hatt stor utvikling i denne sesongen. A-laget har stort sett bestått av juniorspelarar; faktisk har gjennomsnittsalderen på laget vore under 20 år. Fitjar har såleis hatt det klart yngste laget i årets 5. divisjon, og 3. plass i dette selskapet er fotballgruppa i Fitjar Idrettslag særs fornøgd med.

Tradisjonen tru blei det utdelt prisar til nokre av dei mest markante spelarane på laget. Årets spelar på A-laget for menn blei, ikkje uventa, Thomas Vestbøstad Waage, som har imponert i kamp etter kamp, og scora heile 30 mål i serien. Av same grunn fekk han sjølvsagt og utmerkinga som årets toppscorar. Den mest framgangsrike spelaren i år blei gutespelaren Henrik Raunholm Kjelling. Han hadde naturleg nok ikkje vore innom A-laget før årets sesong, men har starta i 18 av 22 seriekampar, vist jamn framgang og stabil form heile sesongen. Han har begynt på HTG, fotballgymnaset i Haugesund, og det er å tru at framgangen vil halda fram i åra som kjem.

Damelaget har hatt ein nesten like klar toppscorar. Britt Lise O. Volden bøtta som vanleg inn mål i årets serie, og enda på 17. Årest spelar blei Birte Steinsland, som blei rosa for i «gi alt». Årets mest framgangsrike spelar blei 18-årige Martine Hareide.

Kjente og kjære storspelarar på Fitjar sitt A-lag i ei fjern fortid fekk æra av å vera med på premieutdelinga til dei beste i vintercupen. Me fekk gleda av å sjå Bjarne Skumsnes og Arve Havnerås vera med og dela ut til pokalar til desse damelaga:

1. Vestbøstad

2. Øvrabygdo

3. Havn/Bakken

Og desse herrelaga:

1. Storavatnet jr.

2. Vestbøstad

3. Stratos

Tradisjonen tru blei det delt ut blomstrar til alle trenarar og lagleiarar, på ein fest som blei styrt med stødig hand og røyst av ein opplagt Ole Bergesen.