Ein stolt Jonas Yang Tislevoll med den største pokalen etter sigeren i Vintercupen 2018. Foto: Kjetil Rydland.

Tradisjonen tru blei Vintercupen avslutta med bankett på Fitjar Fjordhotell i går kveld, og her nytta fotballfolket høvet til å rosa kvarandre, og å dela ut pokalar.

Ikkje berre pokalar til dei beste i Vintercupen, men òg til dei mest markante på A-laget stod blankpussa og venta på stødige fotballbein i går kveld.

Leif Tore Aarland, Helge M. Træet, Sander Tverborgvik og Torbjørn Korsvik med velfortente pokalar etter ein relativt svak A-lagssesong. Foto: Kjetil Rydland.

A-lagstrenar Leif Didrik Steensohn er enno ikkje ferdig med 70-årsfeiringa si, og dermed måtte ungdommen Sondre N. Aarland gi festlyden eit resymé av A-lagssesongen.

Det var ingen jubelsesong den unge hjelpetrenaren hadde å fortelja om; som kjent enda det med at A-laget rykte ned i 6. divisjon. Men mange spelarar har gjort ein bra sesong, og gjort seg fortent til pokalar.

Helge M. Træet har vore lagkaptein, og peikte seg klart ut som «Årets spelar 2018». To stabile spelarar har runda 200 kampar for A-laget til Fitjar, nemleg Nils Ingard Tislevoll og Torbjørn Korsvik. Tre spelarar har runda 100 kampar, nemleg Bernt-Ove Maraas, Leif Tore Aarland og Sander Tverborgvik. Alle desse får pokalar, og i tillegg var det pokal til årets toppscorar, Daniel Skarpnes, som skote 9 mål i år. Sistnemnde kan òg venta seg pokal som årets mest framgangsrike spelar.

Trenar Åsmund Sørfonn rekapitulerte kort sesongen til toarlaget i 6. divisjon. Det blei ein god vårsesong og ein litt svakare haustsesong, med totalt 15 poeng. Han hadde ikkje så mange pokalar å dela ut, men utropte med brask og bram Trond Henriksen til årets spelar. Veteranen har spela alle kampane for toarlaget i årets serie!

Vintercupgeneral Ole Bergesen avslutta den formelle delen av fotballfesten med å oppfordra fotballfolket til å stå saman:

– La oss komma oss opp igjen, men framfor alt ha det gøy med fotball!