Fotballen rullar igjen. Både Fitjar sitt A-lag, juniorlaget og gutar 14/15 har vore i elden i helga.

A-laget var i Bergen og fekk ein kjempegod seriestart ved å slå Minde 2-1 etter to skåringar av Thomas W. Vestbøstad. Juniorlaget var dessverre ikkje så heldig og rauk på eit 1-7 tap mot Smørås 2 på Slåtthaug. Gutelaget slo til med siger. 5-4 mot Solid i Hustredalen er ein flott start på sesongen.