Serien er komen i gang både for små og store fotballspelarar, og i dag fekk me sjå 12-årsjentene til Fitjar i kamp mot Rubbestadneset.

Dagens kamp i det fine, men kjølige vårvêret blei både spennande og velspelt. Jentene frå Rubbestadneset tok tidleg leiinga, men etter kvart kom heimelaget betre og betre med. Etter å ha utlikna til 2-2, gjekk dei opp til 4-2, og hadde då nesten avgjort kampen.

Dette var ein kamp som like gjerne kunne ha vippa andre vegen, og gjestene reduserte til 2-3. Men på slutten avgjorde Fitjar-jentene kampen med to flotte scoringar, og kunne sleppa jubelen laus då dommaren bles av kampen.