Haustsesongen er så smått komen i gang for A-laget, og i morgon har dei sjansen til å retta opp inntrykket etter tap mot Austevoll for ei veke sidan.

Eit redusert Fitjar-lag reiste til Storebø midt under fiskefestivalen førre helg for å møta det suverene leiaralaget Austevoll. Dei faste keeperane Oddgeir Træet og Aleksander Henriksen var av ulike grunnar ikkje tilgjengelege, Henrik Raunholm Kjelling var på veg til Kristiansand, og fleire nøkkelspelarar var skadde. Dermed blei det tungt for Kjell Træet sine bolde menn.

Dei nådelause austevollingane kom godt i gang, og avgjorde kampen med to scoringar av Kristoffer Østervold og Tomas Vassnes allereie etter åtte og ti minutt. Derfrå og inn var Fitjar sjanselause, og det gjorde ikkje saka betre for det reduserte Fitjar-mannskapet at vikarierande keeper, storscorar Thomas Vestbøstad Waage, måtte gå ut med brotne ribbein etter 60 minutt.

Trenar Kjell Træet er likevel ikkje altfor motlaus etter det klare nederlaget mot serieleiaren. – Det var ikkje denne kampen me måtte vinna, seier han. Som kjent er Kjell realistisk, og meiner det er to lag som har merkt seg ut så langt i årets 4. divisjon, nemleg Follese og dei suverene austevollingane.

I morgon meiner Kjell sjansane for poeng er mykje større, når Fyllingsdalen 3 kjem til Fitjar. Dette er eit lag som er lettare å koma på talefot med, og han reknar med å stilla eit noko sprekare mannskap mot bergensarane. Han har Oddgeir Træet på plass mellom stengene, og i tillegg reknar han med å ha ein spelesugen Kjell André Thorland tilbake på midtbanen. Elles gler Kjell seg over at Roger Almås og Per Malvin Wichmann er med i haust.

Nokon kjem og nokon går, men Fitjar IL består! seier ein optimistisk Kjell Træet, som vonar publikum støttar opp om gutane hans i morgon ettermiddag.

Ingressbilete: Kristoffer Østervold, Austevoll, scorar mot Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.