Etter siger 4-1 mot Nest Sotra onsdag ettermiddag har fotballdamene til Fitjar Idrettslag vunne pulja si i 1. divisjon for damer.

Fitjardamene reiste til Sotra med mulighet til å vinna pulja ein runde før slutt. Kampen opna nervøst, og veksla fram og tilbake uten at nokon av laga klarte og spela seg fram til dei heilt store sjansane. Etter kvart overtok Fitjar meir av banespelet og det var ikkje ufortent
at toppscorer Britt Lise Volden sendte laget i ledelsen etter halvtimen. på overtid i første omgang var Britt Lise frampå igjen, og laget kunne ta med seg ein tomåls-ledelse til pause.

Etter at Stina Rimmereid dunka inn 3-0 i 2. omgang, var det aldri tvil om kor poenga skulle ta vegen. Laget spelte i periodar bra fotball og kunne med litt meir flaks og dyktighet scora langt fleire mål. Totalt sett ei veldig god gjennomføring der alle spelarane la ned ein kjempeinnsats.

No gjenstår berre 1 seriekamp, borte mot Halsnøy, før laget skal ut i to kretsmeister-kampar mot dei to andre puljevinnarane i Hordaland.